Velkommen til Vågå & Ullinsvin

Oppdatert: mars 16

Galleri Ullinsvin opna hausten 2019 med Morten Krogvold si jubileumsutstilling «Stille lys». Sommaren 2020 var det storstilt mønstring av trøndersk kunst med utstillinga “Vågå-sommar 2020” med Håkon Bleken og Kjell Erik Killi-Olsen i spissen i tillegg til 19 andre kunstnarar, samt fotoutstillingane Island og Laponia av Erlend og Orsolya Haarberg i Låven.

Hausten 2020 var det fotoutstillingane “Angsten har mange ansikter” av Knut Rune Johansson og “Tid og rom” av Tomas Carlström som fylte Galleri Ullinsvin.

Galleri Ullinsvin vil i hovudsesongen gjennom sommarhalvåret ha skiftande kunstutstillingar. I tillegg til det nye utstillingsbygget, Galleri Ullinsvin, er også den gamle låven og fjøset i Ullinsvin sett i stand til utstillingslokale. Til saman gjev desse lokala mange moglegheiter for ulike utstillingar med formidling av kunst, kultur og handverk.

UTSTILLING i Ullinsvin? Galleri Ullinsvin har eit kunstfagleg råd som innstiller utstillingsprogrammet for Ullinsvin. Søknadsfrist er 1. september til Ullinsvin drift AS på post@ullinsvin.no Les ullinsvin.no






74 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

vågå Hotel   |   Vågåvegen 45   |   2680 Vågå   |   +47 99 49 25 35   |  post@vagahotel.no

© 2018 Designed by IVK Design

#Vågå #Vågåmo #Mittvågå #LåggåiVågå #VågåHotel #Vagahotel